Startside
Plater
Lister
Linker
Portrett
Artikler
Konsert
Gjestebok
Info

 Rockeweb
 A
rtikler

   
   
   


            Best of Bernt, 2008 revisited (Geir Bø)

Heyholetsgo, dobbel-cd i år og, pop till you drop og foholdsvis lett tilgjengelege greier på cd1, mens cd2 befinn seg litt lenger ut i periferien og obskuriteten.
I år på tilnærma nynorsk.

CD1

1.  Fleet Foxes ”mykonos” (sun giant EP) :.Årets indieåpenbaring og Band of Horses’ arvtakarar til skjeggrocken. Øppna landskap, utanomjordiske vokalharmoniar og utslitte flanellskjorter. Treng du fred og harmoni i julestova, sett på Fleet Foxes.

2.   Bon Iver ”flume” (for emma, forever ago): Ein annan kar som kan hjelpa på julefreden er Justin Vernon eller Bon Iver som han kallar seg når han driv med musikk. Nykomlingen tok gitaren med seg og strøyk til skogs. Han solgte korkje gitaren eller sjela si til djevelen, men kom tilbake med eit strålande album, fyllt av skog og peisknitring. Skulle cden ”absolutt god hyttestemning” ein gong bli utgjeven, er Bon Iver eit opplagt valg.

3.  Black Mountain ”angels” (in the future): Enda meir ansiktshår og nordamerikansk melankoli. Fantastiske Black Mountain frå Vancouver, har gitt ut årets album for min del, og mens kidsa digga In Flames på Hovefestivalens hovedscene, stod undertegna saman med 3-400 medsamansvorne og naut Black Mountains okkulte postpsykedeliske progrock i fulle drag.

4.   Thom Hell  ”don’t let go” (god if I saw her now): Frå nordamerikansk melankoli til solskinnspop frå det blide norske sørland. Kulturopplevelsane har ikkje akkurat stått i kø frå den kanten av Norge. Høgdepunkter eg kjem på i farten er Myggens driblerier på fotballbanen og puppene til Lene Elise Bergum i filmen ”Hode over vannet.” Uansett, dersom ungeflokken til Mr.Hell(and) og Marit Larsen blir stor er det i alle fall håp for framtida.

5.  Ingrid Olava ”only just begun” (juliet’s wishes)”: Den kvinnelege varianten av Thom Hell, eller omvendt. Begge er iallefall glad i pianobasert pop, og P3-hiten ”only just begun” er rett og slett uimotståeleg fengande. Versjonen med Radioresepsjonen som korguttar, er forresten enda betre...

6.  the Chairs ”kick the sun” (oil city): Ein ”instant hit” frå lokale the Chairs. Resten av plata er overraskande tam og ufokusert, og har med the Chairs’ ikkjeeksisterande promoarbeid sikkert solgt ca. 100 eksemplar. ”Kick the sun” viser at det er ein liten gneist igjen i bandet, og at det fortsatt er håp for framtidige popperler.

7.  Lukestar ”white shade” (lake toba): Norske indieband har vore ei mangelvare dei siste åra, men enkelte høgdepunkt finst, deriblant Lukestar. Draumande, energisk og med Truls Heggeros tjukkasfalsett i front, klarer Lukestar å pressa mykje god musikk inn i dei knappe 3 minutta ”white shade” varer.

8.  Deerhunter ”never stops” (microcastle): Har det norske indieåret vore halvskralt, skjer det heldigvis mykje spanande ut i den store verda. Deerhunter for eksempel, som i år har stramt seg opp og inn, og fått eit aldri så lite gjennombrot. Vokalisten i bandet, Bradford Cox, har forresten pga. ein mystisk sjukdom ein kropp som er omvendt proporsjonal med Truls i Lukestar. Kanksje ein duo med navnet, Helan og Halvan kunne ha vore noko.

9.  Conor Oberst ”get-well-cards” (conor oberst): Ein som har befunne seg på den amerikanske indiehimmelen sidan før han var tenåring er Conor Oberst. Brukar av ein eller annan grunn fødenavnet sitt i staden for det etablerte Bright Eyes på denne utgivinga, men bra blir det i alle tilfelle, og den melodiske gullårå Obertsen har funne er heldigvis langt i fra tom.

10. Woven Hand “not one stone” (ten stones):

11. Calexico ”two silver trees” (carried to dust): I avdelinga for veteranar og gjengangarar, finn me også Woven Hand og Calexico. To band som foredlar den amerikanske kulturarva på best muleg måte, og som stort sett alltid leverer. Woven Hand i år med hjelp fra Moi’s store sønn, Emil Nikolaisen. Emil splear gitar, lagar støy og er med på produsentsida.

12. Ryan Adams & the Cardinals ”go easy” (cardinology):

13. Stephen Malkmus “cold son” (real emotional trash):

14. the Breeders ”german studies” (mountain battles): Fleire gjengangarar, denne gong med nedadgående formkurve, og heller uinispirerte album. MEN med eit par finfine enkeltlåtar. Selektivitet har jo alltid vore eit framandord i Ryan Adams verd. Meir bekymringsfullt er det at Stephen Malkmus’ heilage melodigral byrjar å bli tømt. The Breeders sangen er på tysk og er ein herlig liten sak.

15. the Last Shadow Puppets “standing next to me” (the age of the understatement): For kjennarar av mine årlege oppsummeringar, veit alle at dei anglofile innslaga er heller få. Men noko spanande må jo ha skjedd på fotballøya? Joda, The Last Shadow Puppets var tøffe greier, eit sideprosjekt til Alex Turner, og vel så bra som hovedbandet hans Arctic Monkeys. Ein blanding av filmatiske Morriconecollagar og det beste fra britisk poptradisjon.

16. Portishead “silence” (third): At bandet som definerte triphop-genren i 93/94 skulle koma tilbake med eit så sterkt comebackalbum i 2008, var både uventa og hyggeleg. Bandet har omskapt sitt eige uttrykk, og Beth Gibbons skjøre, plaga røyst er like sjelsettande som før.

17. Mark Olson & Gary Louris ”bicycle” (ready for the flood): To andre som fann saman, og gjorde comeback i 2008 var Mark Olson og Gary Louris, men sjølv om det er fantastisk å høyra vokalharmoniane deira saman igjen, er det desverre lang vei opp til gamalt Jayhawksnivå.

18. Vampire Weekend “walcott” (vampire weekend): Ein slags intellektuell, upretensiøs krysning av the Strokes og Paul Simon. Hypa opp i alle kanalar og medier, og årets album hos lydverket.

19. Bonnie ’prince’ Billy ”so everyone” (lie down in the light): Prinsen må med, i år som i fjor og som i året før....Like aktiv som alltid, med ordiært album, liveplate, eit par epar og som attraktiv gjesteartist deriblant på den nyaste Susanna plata.

20. Christer Knutsen ”the way it always be (early version)” (singel): Ser endelig ut som Christer skal få litt lønn for strevet. Er for augneblinken lista både på P1 og P3, og har kjenningsmelodien til TV2-serien ”high hopes.” Tek med b-sida frå singelen her, same sang, men litt meir nedstrippa og i rolegare tempo.

21. Bonusspor : Sufjan Stevens ”borderline” : Bortgøymt Sufjansang fra ei b-side fra 2003. Rett og slett for fin til å utelate. Det seie litt om nivået til Sufjan når slike låter ikkje havner med på ordinære utgivingar.

CD2

22. Earth “omens and portents I: the driver” (the bees made honey in the lion’s skull): Earth opnar ballet på årets CD2, den litt meir alternative/ psykedeliske/ utsvevande/ kompromisslause/ misantropiske/ atmosfæriske/ obskure delen av oppsummeringa. Ei dvelande dronelåt, med innslag av kaktus og prærieduftande americana. Slow motion rock.

23. Motorpsycho ”year zero (a damage report)” (little lucid moments): Eit anna band som er glad i droning og lange låtar er Motorpsycho, faktisk så glad at dei bare fekk plass til 4 låtar på årets timelange utgiving. Dei tre andre låtane var forøvrig kjipe greier, men ”year zero” med Snah på vokal holdt mål og viser at det fortsatt er meir snøre i det hengande håpet.

24. Fuck Buttons ”coulors move” (street horrrsing): Siste langdryge innslag på årets oppsummering, bandet med det velklingande navnet Fuck buttons. Ny duo frå Bristol, som er glad i bråk og eksperimentering, Ei slags post-rock suppe med collagar av støy og skumle lydar. Suggererande og flott.

25. Brightblack Morning Light ”gathered years” (motion to rejoin): Me svevar videre, over Atlanteren og djupt inn i øydemarka i New Mexico. Her har Nathan Shineywater og Rachael Hughes slått leir i tipien sin, og tilbringer tida med å kikke på solnedgangen og dyrke merksnodige urter. Albumet blei spelt inn i guds frie natur med straum frå 4 solpanel, og når Brightblack turnerte Europa, sang Nathan med ein heilag pilspiss i munnen slik at det skulle bli fred i verda....

26. Amadou & Mariam ”je te kiffe” (welcome to Mali): Fra Mali og med på afrikakvoten. Rost i skyene av allverdens forståsegpåerar og tatt under vingene til Blurs Damon Albarn som er med som produsent.

27. Crystal Castles ”untrust us” (crystal castles) : For tida det hippeste av det hippe. Skitten dansbar commodore 64 elektronika, som også går an å høyra på for gamlingar på 35+.

28. Nachtmystium ”ghosts of grace” (assassins: black meddle pt.1) : Over til noko heilt anna: Sinte menn, tinitus og misantropisk tankegods. Bandet med det litt teite navnet Nachtmystium har lagt ei knallplate. Ein slags blanding av King Crimson og Mayhem, med utruleg bra vokalarbeid/brøling frå Blake Judd.

29. Cavalera Conspiracy ”inflikted” (inflikted): Enda sintare er brødrene Cavalera, som for første gang sidan Sepulturas glansdagar, er på talefot og lagar musikk saman. Max Cavalera nærmar seg 40, men er like forbanna som før, og snerrer og freser som vanleg mot urettferdighet, autoriteter og all verdens styresmakter.

30. Satyricon ”black crow on a tombstone” (age of nero) : Black metallens svar på DDE, held framleis fortet som norges beste metalband. ”Black crow on a tombstone” sit som ein knyttneve i mellomgolvet.

31. Flying Shoes ”silver raven” (flying shoes) : Tilslutt avdelinga for vakre coverversjonar. Å tolka andres musikk går aldri av moten, bare sjå på artistar som Cat Power, Susanna og Bitja Band. Bak navnet Flying Shoes gøymer heile Helldorado seg, pluss et par-tre andre lokale countryentusiastar. Har gitt ut eit heilt album med kremlåtar frå det beste frå outlawcountryen på 70-talet. Ei perlerad av sangar frå verdens beste låtskrivarar; Townes Van Zandt, Gram Parsons, Doug Sahm, Neil Young og Gene Clark som har skreve denne sangen.

32. Cat Power ”dark end of the street” (dark end of the street EP): Cat Power kan dette med å tolka andre sine sangar, og har gitt ut to reine coveralbum. I tillegg kom det forsyne meg ut ein liten EP rett før jul. ”Dark end of the street” skulle jo vera velkjent for dei aller fleste, men tåler lett eit gjenhør gjennom Cat Powers silkemjuke behandling.

33. Susanna ”can’t shake loose” (flowers of evil) : Den norske ekvivalenten til Cat Power, må vera Susanna Wallumrød, som også har gitt ut to album med nesten bare andre sine sangar. Har funne det retta uttrykket og formatet på si siste plata, der foresten ein viss Pål Hausken korar vakkert og spelar trommer.