Beth Gibbons & Rustin Man
Out of season
Go! Beat Records
Cd -
2002
      |
Beth
Gibbons er tilbake, det er gått 5 år sidan ho og bandet hennes Portishead sist
gav lyd frå seg på platefronten. Då med sitt sjølvtitulerte andre album.
Etter at dei i 1994 hadde gjort furore med det storarta albumet
”Dummy”.
For dei som ikkje skulle kjenne til Portishead; dei lagar musikk i den såkalla
trip hop tradisjonen. Varemerket er tunge beats, eit teppe av symfonisk lyd vevd
saman etter klipp og lim mentaliteten til Geoff Barrow. Men det som gjer det
heile fullkomment er Beth Gibbons vakre sang.
Denne gangen er ho imidlertid tilbake i ein noko anna samanheng. Viktigaste samarbeidspartner (Rustin Man) er Paul Webb, mest kjent frå nå oppløyste Talk
Talk.
”Out of Season”; ein vårblom som blomstrar i januar, snø som dalar ned i
mai, trekkfuglen som prøver å overvintre, eller ein som dansar sin eigen dans
midt blant den store felles suggesjonen (no for tida er det hvis ketchup som
gjeld).
”Out Of Season” er full av skjør melankoli.
”God knows how I adore life”, eit kjærlig sukk til naturen, til livet. Slik
startar plata. Sangen heiter ”Mysteries”, og er den første av 10 vakre
sangar.
Beth Gibbons syng om livet, om kjærligheten, om menneskets utilstrekkelighet,
om tida som går ubønnhørlig (”time is but a memory”) målt opp mot
naturens evige skjønnhet og årstidenes faste rytme.
I tonane me høyrer her kan me strekke linjene tilbake til engelsk folkemusikk,
til Nick Drake,
til Marianne Faithful (slik ho sang ”As Tears Go By”). Men
me finn og stemningar
frå
meir orkestrert musikk, slik for eksempel Nina Simone gjorde det.
Beth Gibbons har ei sjeldan vakker sangstemme. På ”Out of Season”, får ho
vist kva ho er god for. Ho klarer som få andre å gjere kvart ord i sangen
viktig, kvar tone står fram i all sin sårbarhet. Hvis begrepet sjelfull sang
har ei meining, ja så må det være sangen til Beth Gibbons.
Det aller største øyeblikket er ”Funny Time Of Year”. Den bygger seg opp
frå enkel akustisk gitarklimpring i samspel med Beth si nakne stemme, til den når
klimaks med fullt orkester og stor sang 5 minuttar seinare; musikk som
beveger.
”Out Of Season” er haustens vesle eventyr, den støyar ikkje, den skrik
ikkje etter oppmerksomhet, men den er her, og er ein ideell partner for ei
melankolsk kveldsstund.
Odd Moon 4 desember 2002 |
|