Rockeweb
 
Plateanmeldelser
         
         
         
         
  #   A   B   C   D   E   F   G   H   I   J   K   L   M   N   O   P   Q   R   S   T   U   V   W   X   Y   Z   Æ   Ø   Å
Lambchop
Is a woman
Merge Records
Cd
- 2002

Det er noko med sangaren Kurt Wagner. Denne tørre, svakt hese og litt mørke stemma som er sangaren i Lambchop. Det er noko med korleis han får sangen til å leve, noko med å være tilstades i songen. Kurt Wagner forhastar seg ikkje, han hentar fram det beste i sangen med sin vare men intense sangstil.

Det er noko med disse sangane Kurt Wagner lagar, og som han spelar saman med bandet sitt, altså Lambchop. Melodiane bevegar seg oftast i eit langsomt tempo, men er likevel funky. Dei er sofistikerte, men også såre og rå komposisjonar som sitrar av uro. Ein kan finne blå jazzelement, stillferdig soul, funky country. Men først og fremst liknar det ikkje noko ein har høyrt før.


Lambchop er bandet som består av sånn ca. 15 musikarar, men hovudrolla er så definitivt Kurt Wagner si. Det er han som er personen med denne unike kreative krafta, og som styrer bandets musikalske uttrykk.

”Is A Woman” er Lambchop si 6 offisielle plate. Dei har for kvart album utvikla seg, men samtidig vore tru mot sitt prosjekt. På ”Is A Woman” er det den lavmælte utgava av bandet vi for bli kjent med. Kor skånsomt kan så mange musikarar egentlig spele?

Det er røysta til Kurt Wagner som dominerer lydbildet. Nærmast han i lydbildet finn vi den nye pianisten Tony Crow, som sitt bak der og trillar fram nydelige tonar frå pianoet sitt. Resten av bandet blir lydkulissar som dukkar fram litt her og der, dei bråkar litt, tøffar seg av og til, prøver å stikke seg fram når du minst ventar det, men blir helde i sjakk av produsent og bandmedlem Mike Nevers.

”Is A Woman” bringar fram ein meditativ stemning i lyttaren. Den inneheld 11 sangar i eit veldig einsarta sound. Albumet kan derfor ved dei første gjennomlyttingane virka noko einsformig. Men slik er ikkje virkeligheten, når ein først lærer å kjenne den.

Dette er magi, og når tittelkuttet dansar forsiktig ut i reggae-takt, og den salige stunda er over, ja då har ein ikkje lyst til mykje anna enn å starte frå spor 1 igjen.


Odd Moon 2002

Lambchop
Nixon
Merge Records
Cd
- 2000

Lambchop er et countryrock-kollektiv som består av 14 medlemmer. Den ubestridte leder og boss i bandet er Kurt Wagner. Han er selve hjernen bak bandet. Som låtskriver, musiker (1946 Gibson L7 gitar), vokalist og produsent øver Kurt Wagner stor innflytelse på hva som skjer med Lambchop.

Musikken er rolig, behagelig og spennende å høre på. Første gang jeg satt på førstesporet på "Nixon", "The old gold shoe", fikk jeg med ett assosiasjoner til Belle & Sebastian. Etter flere gjennomlyttinger derimot vet jeg ikke helt hva Lambchop likner på, muligens Flaming Lips, Grandaddy osv.

En ting man bør være bevisst på når man legger "Nixon" i Cd-spilleren er at denne plata garantert ikke sitter etter første gjennomlytting, men etter 4-5 gjennomspillinger sitter den. Etter min mening er denne plata blant de ti beste platene fra fjoråret, som for øvrig var et meget godt rockeår.


Rune Grønåsen 2001