Rockeweb
 
Plateanmeldelser
         
         
         
         
  #   A   B   C   D   E   F   G   H   I   J   K   L   M   N   O   P   Q   R   S   T   U   V   W   X   Y   Z   Æ   Ø   Å
Led Zeppelin
Physical graffiti
Swan Song Records
Lp
- 1975

Kom igjen folkens, bli med på tur. Ta ein tur med blues-ekspressen. (Ein liten avklaring; dette har NSB ikkje noko ansvar for, og det må heller ikkje forvekslast med toget til Notodden). Løys billett, men me selger kun einvegsbillettar, så feigingane bes gå ut av køen NÅ.

Toget heiter "Physical Graffiti", og skal av gårde mot det forjettede land (eller var det det forpestede land). Me lovar iallefall: du skal få ein togtur du aldri kjem til å gløyme.
I førarvogna med ein Gibson og seks strengar til rådighet, ein mann som veit å gjere livet svett og djevelsk spennande for dykk: Mr. Jimmy Page. Ved hans side ansvarleg for uklare, simple, grådige og ravande galne meldingar, ein mann som brukar heile sitt stemmeregister: Mr. Robert Plant.

Bak disse to litt borte i venstre hjørne kan de skimte mannen som er ansvarleg for å halde oss på sporet, han spelar på fire strenger, av og til byttar han til tangentar, ein mann du kan stole på: Mr. John Paul Jones. Fjerde mann er han de ser vandre rastlaust rundt, på baklommene diverse hamrar og meisler, i handa har han ei slegge, mannen som er ansvarleg for å hamre å slå, noko han gjer med hellig overbevisning og ein herlig offensiv holdning: Mr. John Bonham.

Ta plass steng dørene. Turen går i ukjent terreng. Det er få muligheter til avstigning, men dei ansvarlege for turen og lyden lovar dykk eit kontrastfullt, mektig men luftig sound. God tur.
Ja då er me i gang, og det me høyrer først er ”Custard Pie”, eit herlig rytmisk driv og tett på tett med gitarlyd folkens, men dette er berre oppvarminga. Me er no over i ”The Rover”, eit farlig truande riff av mr. Page her, men sannelig prøver ikkje godeste John Paul Jones å overta drivet med skråsikkert funky bass-spel.

Hu-hu folkens ”In My Time Of Dying”, og no dundrar me nådelaust av gårde, for eit samspel mellom Gibson-traktøren og mannen med slegga, nei dette må berre ikkje ta slutt. Robert Plant fyller på med skikkelig kvasi religiøst rop om nåde. Dette er vært billetten ja. Der tok den slutt, ja,ja me fekk nå 11 minuttar då.

Me beveger seg over i litt melodiøs pop musikk; ”Houses Of The Holy”, å gud så fengande. Me feier vidare med litt heftige funk i  Trampled Under Foot”, John Paul Jones har nå henda sine på tangentane, dette hadde du taket på mann. Og kom igjen Robert; ”talkin’ bout love, talkin’ bout love, talkin’ bout love”.

Så nærmar me oss faktisk ein stasjon; ”Kashmir”, deing-dong-staing-ding, der meislar John Bonham i gang komposisjonen til ære for stoppestaden. Mr. Jones er ansvarleg for det sinnsykt suggerande repeterande arrangementet, og for ein dynamikk me opplever, la deg rive med, bli ein del av det. ”Let me take you there, let me take you there”. Ooooooweeeee, der stansa me, tørk svetten, pust ut, me køyrer straks vidare.

Ja då var me i gang igjen, til tonane av ”In The Light”, forsiktig, ein litt dunkel orgel lyd. PANG, der begynte den å rocke. Ouui, forsiktig igjen. ”In the light”, gospel-gospel. Legg merke til skinnegangen, lytt, slik driver det; lys – skygge – lys – skygge – lys – skygge – lys – skygge.
Me er nå over på eit lite akustisk mellomspel me tittelen; ”Bron-Yr-Aur”. ”Down By The Seaside”, oh oh, ein nydelig ballade folkens. Neimen der kom mørkets fyrste å ville ha eit ord med i laget; ”See how they run, see how they run”, skummelt, skummelt. Der var den ein ballade igjen.

Mr. Plant er nå nede på kne, han ber; ”Did you ever really need somebody, and really need ’em bad”, -ja då, då kjenner du den fortvilelsen eg kjenner nå. Jimmy hjelper til, vakkert spelt Jimmy, vakkert spelt. Låta heiter forresten ”Ten Years Gone”.

Night Flight”, rock’n rooolllllll, høyr på orgelet, heftig driv folkens. Dei har plukka elementer frå ein eigen eldre legendarisk komposisjon her høyrer me, ”Fly now, baby”. Neidå du er framleis med blues-ekspressen mot ukjent mål. Vi fortsetter ferda med ”The Wanton Song”, nå går det unna her. Ein skarp venstre sving og me skjener rett over i litt boogie-woogie, ”Boogie With Stu”. Og hei, der har dei fått ein av passasjerane med på litt fyrig piano (Ian Stewart er hans navn).

Det ryktes nå at me nærmar oss slutten av turen. Først skal me imidlertid få med oss ein  glødande inspirert og fengande akustisk blues, kalt ”Black Country Woman”, å faen så mr. Bonham begynte å slå med slegga si då. Opp å dans folkens, DANS.

Ooops her kjem det ei melding om at alle bes sette seg ned, og om mulig spenne seg fast, for til tonane av ”Sick Again” forsvinn me nå inn i ein mørk tunnell, og dette går rett i fordervelsen. Ta vare på sjela dykkars arme syndarar. Amen.

Odd Moon 13 august 2007 (oppgradert)